Skip to main content

Gol kommune har rundt 40 bustader av ulike storleikar og ulik plassering som eit tilbod til personar som på grunn av økonomiske, sosiale eller andre forhold har eit mellombels eller varig behov for bustadbistand.

Gol Kommunale Eigedomar Boligdrift AS (GKEB)

GKEB er eit dotterselskap under Gol Kommunale Eigedomar AS (GKE). I 2019 vart 38 kommunale boligar for utleige overført frå Gol kommune til dette selskapet. Bustadene er bygd i tida frå 1960 til 1990 og har fin beliggenhet i etablerte bustadfelt. Fleire er sentrumsnære med kort avstand til skule og barnehage. 

GKEB har eigen driftsavtale med Gol kommune; eigedomsavdelinga som handterar alle henvendelser for kommunale bustader.

“Alle skal kunne bu godt og trygt”

Kriterium og vilkår for å søke

Desse retningslinjene vert lagt til grunn ved søknadsbehandling og tildeling av kommunalt disponerte utleigebustader i Gol kommune:

SØKJAR MÅ ANTEN:
  • vere tilsett i Gol kommune
ELLER:
  • vera utan passande bustad, eller vera i ferd med å verta utan passande bustad
  • vera utan inntekt, formue eller alternativ moglegheit til å skaffa passande bustad

Søkjar må kunne meistre busituasjonen og dei plikter som er knytt til dette, eventuelt med hjelpetiltak.

 

PRIORITERING

Dersom kommunen ikkje har egna bustad tilgjengeleg for tildeling, gjelder følgjande prioriteringer:

1. Kommunalt tilsette som har behov for bustad
2. Innbyggjarar med særskilde behov

Søk kommunal bustad

Vanlege spørsmål

Kva er kommunal bustad?

Kommunal bustad er eit mellombels tilbod om å leige ein bustad som Gol kommune eig.

Kven kan få kommunal bustad?

Du må vere utan eigna bustad og ikkje vere i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med hjelp frå andre.

Det må vere økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du ikkje klarer å skaffe deg ein plass å bu. Det at du har låg inntekt er ikkje nok til å få kommunal bustad.

Kva kostar det?

Husleigesatsane er fastsett etter prinsippet om gjens leige. Husleiga vert regulert etter konsumprisindeksen kvart år.

Korleis søke om kommunal bustad?

Du må skrive ut og fylle ut søknadsskjemaet som du finn på desse websidene. Du må blant anna legge ved bustadattest og opplysninger om din økonomi.

Korleis utvide leigekontrakten?

I god tid før kontrakten din går ut kan du søkje om ny kontraktstid med kommunen. Du søkjer på same måte som ved fyrste gongs søknad.

Kontakt

Ta kontakt med oss om du har spørsmål som du ikkje finn svar på:

Epost: arp@gkeb.no
Telefon: 915 17 079